Utdeling gavemidler 15.juni på Klepp Skyttarhus

Midt i blinken! – Gåvmild utdeling på Klepp Skyttarhus

Torsdag 15. juni var det duka for felles utdeling av midlar frå Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp og Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå på Klepp Skytterhus. Klepp Skytterlag var vertskap, og dei fekk samstundes tildelt ei gåve som trefte midt i blinken. Trond Inge Rødland frå Klepp Skytterlag starta samlinga med å fortelje litt om historia til Det frivillige Skyttervesen, som er opphavet til skyttarlaga rundt om i landet. DFS oppstod i 1893, då dei ulike skyttarlaga i landet gjekk saman og blei samla i ein felles organisasjon, med eit mål om å styrke Norge sitt forsvar ved å gi folk opplæring i skyting. Klepp Skytterlag er eitt av til saman 850 skyttarlag i landet, og det har vore organisert skyting i området sidan 1880-talet. DFS har rundt rekna 140 000 medlemmar på landsbasis, og av desse høyrer 300 heime på Klepp.
Trond Inge Rødland fortel om eit veldig bra og inkluderande miljø, med medlemmar mellom 11 og 90 år, og eit fokus på samhald og sikkerheit. Ungdomsverksemda står og høgt i laget, og gutar og jenter trenar saman. Det er og mogeleg for ungdommar som ønsker å teste ut sporten å prøve han ut gratis, og gode støtteordningar er på plass, slik at det er rom for alle, uavhengig av økonomisk bakgrunn.
Det er inga tvil om at Klepp Skytterlag har dugnadsvillige og dyktige medlemmar. Dei arrangerer ulike typar stemne og meisterskap, og har vore medarrangør på
Landsskyttarstemnet fleire gonger. Medlemmane hevdar seg og i konkurransesamanheng, og Klepp Skytterlag har vore representert på landslaget kvart år sidan 2016. Trond Inge Rødland er stolt av både sjølve fasilitetane til Klepp Skytterlag og av medlemmane sine, men er tydeleg på at føresetnadane for å få til dette arbeidet er ein sunn økonomi og gode støttespelarar. Av desse dreg han fram Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp som ein av dei viktigaste. Utan den økonomiske støtta som har blitt Klepp Skytterlag til gode opp gjennom åra er det mange prosjekt det ville vore vanskeleg å gjennomføre.

Sparebankstiftelsen Jæren - Klepp

Elfin Lea frå Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp var på plass denne fine sommarkvelden for å dele ut midlane for første utdelingsrunde for 2023. Han kunne fortelje at Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp har inntil 3 millionar å dele ut i støtte i år, og at litt under halvparten av dette skulle delast ut no i første utdelingsrunde.
I tillegg til desse to årlege utdelingsrundane har Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp og andre prosjekt som skal dekkast. Prosjekt Familie er eitt av desse. Her kan lag og foreiningar søke om støtte til å få dekka kostnader i samband med klubbaktiviteiter for medlemmar som ikkje har høve til å betale desse sjølv. Dette prosjektet er til for å jamne ut forskjellar og sørge for at alle ungar kan ta del i fritidstilbodet i kommunen uavhengig av foreldra sin økonomiske situasjon.

Denne kvelden på Klepp Skyttarhus var det ni heldige mottakarar som hadde møtt opp for å ta imot midlar til prosjekta sine. Det er mykje spennande på gong, og det er mange som kjem til å få glede av dette når dei ulike prosjekta er ferdige

Frøyland og Orstad kyrkje skal kjøpe inn ein stor, u-forma sofa, som er perfekt til bruk under ungdomsarrangement i kyrkja.
Gamle Engelsvoll Vellag skal bygge parkgrill.
Kaffebønnen skal handle inn utstyr til kafédrifta si, som servise, glas og diverse anna serveringsutstyr.
Klepp Kristelege Ungdomsforening fekk støtte til mediaproduksjonsutstyr.
Klepp Bedehus skal bygge sykkelstativ.
KNA Klepp Motorsport stilte med kveldens mest sjarmerande mottakar, og fekk støtte til utbetring av depotområdet på Reve.
Orre IL skal bygge kunstgrasbane og oppgradera anlegget.
Voll IL skal kjøpe høgtalarar og lydanlegg, og anna teknisk utstyr.
Og sist - men ikkje minst - vertane for kvelden, Klepp Skytterlag, fekk tildelt pengar til bruk på utskifting av noverande lysarmatur til meir energieffektive LED-lys.

Dette var ganske enkelt strålande gåver som alle trefte blink.

Elfin Lea oppmoda alle mottakarane om å skryte litt ekstra av prosjekta sine både i media og i sosiale media, både for å skape litt blest om Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp, og å setje fokus på alt det gode, frivillige arbeidet som finn stad i kommunen.

Utdeling av hjertestartere

Endelig kom hjertestarterne som vi har ventet på. 8 lag og foreninger har fått hjertestartere som skal gjøres tilgjengelige i forsamlingslokaler og på idrettsanlegg. Håper vi aldri får bruk for dem, men skulle det bli behov er de registrert hos AMK så de kan veilede om du ringer 113.

Forventinger til vekst i tildelinger til gode formål i 2022


En ny undersøkelse Sparebankforeningen har gjennomført blant landets sparebanker og sparebankstiftelser viser at sparebanksektoren også i 2022 vil være en av Norges største private bidragsytere til idrett, kultur og frivillighet. Som kunde i din lokale sparebank bidrar du tilbake til ditt eget lokalsamfunn.

Gjennom en ny medlemsundersøkelse har Sparebankforeningen kartlagt sparebanksektorens forventninger på allmennytteområdet i 2022.

De norske sparebankene og sparebankstiftelsene har en lang tradisjon med å bidra til positiv utvikling i eget nærmiljø gjennom å dele ut deler av overskuddet til ulike allmennyttige formål. Tradisjonen kommer lag og foreninger over hele landet til gode gjennom støtte til initiativ og prosjekter som fremmer bolyst, gode oppvekstmiljø og mangfoldig aktivitet innen blant annet kultur, idrett og frivillighet. I tillegg opererer flere sparebanker og sparebankstiftelser også med gavetildelinger som fremmer positiv samfunnsutvikling på områder som blant annet forskning, kunnskapsformidling og næringsutvikling.

Stor sum til gode formål i 2022
Sparebankforeningens undersøkelse viser at hele 9 av 10 undersøkte sparebanker og sparebankstiftelser forventer økte eller uendrede gavetildelinger til allmennyttige formål i år sammenlignet med fjoråret. De anslåtte tildelingene beløper seg til minst 1,8 milliarder kroner, eller mellom 2 og 2,5 milliarder kroner om vi legger til grunn at tallene fra undersøkelsen er representative for alle Sparebankforeningens medlemmer.

De samlede gavetildelingene fra sparebanksektoren gjør sparebankene og sparebankstiftelsene til en av Norges største økonomiske bidragsytere til mangfoldig aktivitet som bidrar til aktive lokalsamfunn over hele landet.

Støtt din lokale sparebank, støtt lokalsamfunnet
For mange kunder er den lokale sparebanken et naturlig førstevalg ved behov for trygg sparing eller tilgang til finansiering. Sparebanksektorens sterke posisjon i det norske markedet har medført at sparebankene og sparebankstiftelsene har kunnet dele ut stadig mer midler til allmennyttige formål de siste årene.

-          Gjennom å være kunde i din lokale eller regionale sparebank bidrar du til å støtte utviklingen av eget lokalsamfunn. Sparebankenes tradisjon med å bidra til positiv utvikling i eget nærmiljø strekker seg langt tilbake i tid, men har sjelden eller aldri vært så omfattende som nå målt ved størrelsen på de årlige utdelingene til gode formål. De samfunnsmessige ringvirkningene av dette er store både lokalt og nasjonalt, sier direktør for Sparebankforeningen Iman Winkelman.

Har du en god ide til et initiativ eller et prosjekt med et allmennyttig formål? Ta kontakt med din lokale sparebank eller sparebankstiftelse for å undersøke muligheten for støtte.

Tildeling av midler høsten 2020

2020 ble ikke et normalt år. Covid 19 snudde opp ned på hverdagen og økonomien hos mange av lag og foreninger i kommunen. Styret i stiftelsen handlet raskt og vedtok å utbetale «koronastøtte» med kr. 3.088.132 i april måned til idrett, musikk og annet lagsarbeid. I alt fikk 73 lag støtte uten å måtte søke. Sluttbeløpet er i sum like stort som vi har tildelt gjennom søknadsrundene til sammen for årene 2017, 2018 og 2019.
Les mer om tildelingen høsten 2020 ⟩

Koronastøtte til 72 lag og foreninger i Klepp

Her ser du brevet som i dag går ut på e-post til 72 lag og foreninger om stiftelsen sin ekstraordinære «koronastønad».

Fordelingen er slik:
Idretten                              27 lag  kr. 2548.000
Sang og musikk                12 lag  kr.   172.500
Lagsarbeid                         33 lag  kr.   356.915
= sum                                             kr. 3077.415
Sluttsummen tilsvarer det beløpet som Klepp kommune bevilger.
Kommunen vil etter planen forestå pengeoverføringen til den enkelte forening i uke 16.
Da håper Sparebankstiftelsen Klepp at dette blir et kjærkomment bidrag i en ekstraordinær tid.

GOD PÅSKE til alle lag og deres medlemmer!

Brev utgått til alle 72 lag og foreninger:

«Korona – stønad» til lag og foreiningar i Klepp

Styret i Sparebankstiftelsen Klepp har bestemt seg for å gje lag og foreiningar i Klepp ei gåve som ei handsrekning i denne vanskelege tida vi alle nå opplever.

Laget du representerer er tildelt kr. xxxx.   Utbetaling vil skje så snart vi har det praktiske på plass, mellom anna avtale med Klepp kommune. 

Sparebankstiftelsen Klepp vart stifta i 2015 i samband med samanslåinga av Time Sparebank og Klepp Sparebank. Stiftelsen eig 12,27 % av alle eigenkapitalbevisa i Jæren Sparebank. Gjennom eigarskapen i banken mottek vi betydelege beløp i form av utbytte på desse bevisa vi eig.  Det er av desse pengane vi igjen kan dela ut som gåver til beste for lokalsamfunnet vi er ein del av. Me har derfor god grunn til å heie på vår eigen lokale bank.

Stiftelsen sin visjon er å «skape engasjement og glede».  Av verdiar nemner me Fellesskap – Trivsel – Utvikling

Ei av hovudoppgåvene Stiftelsen har, er å vera ein langsiktig og stabil eigar i banken.  Men vel så viktig i desse tider er å bidra med gåver til allmennyttige og gode formål.  Det er derfor styret vil støtta lag og foreiningar med ekstra midlar for å koma gjennom den utfordrande tida som ligg føre oss.

Gåva er primært tenkt å vera ei hjelp til å dekkja faste utgifter det enkelte lag måtte ha. Det er umogeleg for oss å ha oversikt over kva dette vil vera, og vil bety for dei ulike laga.  Vi har derfor i godt og tett samarbeid med kulturadministrasjonen i Klepp valt å byggja på det grunnlaget kommunane har for tildeling av støttemidlar.

Den samla «korona–støtta» utgjer kr. 3 mill.. Den blir utbetalt utan den sedvanlege søknadsprosedyren og krav om dokumentasjon. I våre retningsliner for tildeling av gåver går det fram at vi normalt ikkje støttar driftsutgifter. Men i denne situasjonen vi nå står i, har vi valt å prioritera på anna vis.  Nå vil vi støtta drifta i laga slik at dei blir minst mogeleg skadelidande i denne utfordrande perioden.

Som mange av dykk kjenner til, er neste frist for å søkja om gåver 30. april.  Alle søknader som kjem inn innan fristen, vil bli vurderte, men det må påreknast at det er denne saka som nå vert prioritert. Styret håper at det er forståing for det.

For meir informasjon om Stiftelsen kan de gå inn på vår heimeside:

www.sparebankstiftelsenklepp.no.  For spørsmål kan me kontaktast på tlf 45170919.

Me vil ynskja alle lykke til med vanskelege prioriteringar og dei utfordringar vi alle føler på kroppen nå.

Med helsing
Sparebankstiftelsen Klepp
Elfin Lea, styreleiar

Utdeling av gåver frå Sparebankstiftelsen i Klepp på Friluftshuset

Torsdag 13. juni var det duka for den årlege utdelinga for gåver frå Sparebankstiftelsen i Klepp. I år slo dei seg saman med Sparebankstiftinga i Time og Hå og invitert til treff på Friluftshuset på Orre.

Øystein Dahle frå Jæren Friluftsråd opna samlinga med å fortelje litt om huset og området. Friluftshuset er populært og området har mykje spanande å by på. Han understreka og at Jæren Friluftsråd har vore med på å drege nytte av støtte frå Sparebankstiftinga til å mellom anna skifte ut taket på Friluftshuset, og at denne støtta blir sett særs god pris på.

Klas Stølsnes frå Jæren sparebank var og til stades ved utdelinga, og delte gleda over at lokalbanken kan vere med på å bidra til og støtte mangfaldet i dei tre kommunane. Han fortalde og om grunnen til at dei to stiftingane har teke over sjølve gåveutdelinga. Tidlegare var det banken som tok seg av denne prosessen gjennom eit gåvefond, men no er ho stiftingane sitt ansvar. Det går sjølvsagt framleis an å søke om sponsormidlar frå Jæren sparebank, men desse kjem naturleg nok med forpliktingar om profilering og reklame.

Pengane som Sparebankstiftelsen i Klepp deler ut kjem frå fusjonen mellom Klepp og Time Sparebank og utbyttet frå eigenkapitalbevisa som dei to stiftingane eig og forvaltar i samband med denne. Samla forvaltar dei to stiftingane 64% av eigenkapitalbevisa i Jæren sparebank. Det er generalforsamlinga som bestemmer kor mykje som skal delast ut i støtte kvart år, og stiftinga har delt ut pengar sidan 2015.

Til no har Sparebankstiftelsen i Klepp delt ut rett i underkant av fem millionar kroner, men Elfin Lea frå Sparebankstiftelsen i Klepp fortel at dei framleis er i ein oppbyggingsfase. Det er nemleg ikkje alle som er klar over at denne støtteordninga finst. Sparebankstiftelsen planlegg difor eit infomøte til hausten saman med banken, slik at dei kan spreie den gode bodskapen til eit endå større publikum.

Sparebankstiftelsen i Klepp ynskjer å støtte det kulturelle mangfaldet i kommunen med pengegåver, slik at delar av overskotet frå stiftinga skal kome flest mogeleg av innbyggjarane til nytte. Og går det godt i banken, går det og godt i stiftinga. Mottakarane skal representere eit mangfald av det som er å finne i kommunen, og Sparebankstiftelsen skal vere ein medspelar for alle laga og foreiningane i kommunen. Elfin Lea seier at han sit att med ei kjensle av at støtta blir sett stor pris på.

Utdeling juni 2019 Friluftshuset.JPG

Fornøyde mottakere av pengestøtte til sine prosjekt og lag fra Klepp, Time og Hå

Storleiken på pengegåvene varierer, alt etter kva dei som søker treng støtte til. Regelen er likevel ganske enkel: Ein kan ikkje søke om støtte til prosjekt som er ferdige eller sett i gong, eller om støtte til ordinær drift. Tipset er difor å søke om støtte allereie i planleggingsfasen, samt søke innan fristane, som er 30. april og 31. oktober. Same lag og foreining blir vurdert berre ein gong per år, men det går an å søke om støtte fleire gonger.

Elfin Lea seier at dette nesten er som jul og 17. mai på ein og same gong, og set stor pris på å treffe gåvemottakarane og sjå dei blide andleta deira når dei mottek pengegåva frå Sparebankstiftelsen i Klepp.

Mottakarane i år var som følgjer:

Bore Karate fekk 40 000 kroner til flettematter og traller.

Klepp Kristelege Ungdomslag fekk 20 000 kroner til medieutstyr.

Bryne Fotoklubb Fotospirene fekk 30 000 kroner til laptop og redigeringsprogram.

Jæren Kajakklubb fekk 200 000 kroner til nytt klubbhus.

Jæren Krokkethall fekk 20 000 kroner til ny varmepumpe i hallen.

Klepp IL fekk 50 000 kroner til innkjøp av nye bord til Turnhallen.

Klepp og Time 4H nemnd fekk 20 000 kroner til hengekøyer og gapahuk.

Klepp Skulekorps fekk 50 000 kroner til nye uniformer.

Klepp Skyttarlag fekk 50 000 kroner til ombygging av innebanen.

Orre IL fekk 100 000 kroner til å rehabilitere Orrehallen.

Tu Skulekorps fekk 50 000 kroner til innkjøp av nye instrument.

Voll IL fekk 50 000 kroner i støtte til nyanlegget på Voll Stadion.

Ny tildeling av midler høsten 2019

Gå inn på “Tildelinger” og se hvem som har fått penger til sine aktiviteter og prosjekt i denne tildelingsrunden.