Utdeling gavemidler 15.juni på Klepp Skyttarhus

Midt i blinken! – Gåvmild utdeling på Klepp Skyttarhus

Torsdag 15. juni var det duka for felles utdeling av midlar frå Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp og Sparebankstiftinga Jæren – Time og Hå på Klepp Skytterhus. Klepp Skytterlag var vertskap, og dei fekk samstundes tildelt ei gåve som trefte midt i blinken. Trond Inge Rødland frå Klepp Skytterlag starta samlinga med å fortelje litt om historia til Det frivillige Skyttervesen, som er opphavet til skyttarlaga rundt om i landet. DFS oppstod i 1893, då dei ulike skyttarlaga i landet gjekk saman og blei samla i ein felles organisasjon, med eit mål om å styrke Norge sitt forsvar ved å gi folk opplæring i skyting. Klepp Skytterlag er eitt av til saman 850 skyttarlag i landet, og det har vore organisert skyting i området sidan 1880-talet. DFS har rundt rekna 140 000 medlemmar på landsbasis, og av desse høyrer 300 heime på Klepp.
Trond Inge Rødland fortel om eit veldig bra og inkluderande miljø, med medlemmar mellom 11 og 90 år, og eit fokus på samhald og sikkerheit. Ungdomsverksemda står og høgt i laget, og gutar og jenter trenar saman. Det er og mogeleg for ungdommar som ønsker å teste ut sporten å prøve han ut gratis, og gode støtteordningar er på plass, slik at det er rom for alle, uavhengig av økonomisk bakgrunn.
Det er inga tvil om at Klepp Skytterlag har dugnadsvillige og dyktige medlemmar. Dei arrangerer ulike typar stemne og meisterskap, og har vore medarrangør på
Landsskyttarstemnet fleire gonger. Medlemmane hevdar seg og i konkurransesamanheng, og Klepp Skytterlag har vore representert på landslaget kvart år sidan 2016. Trond Inge Rødland er stolt av både sjølve fasilitetane til Klepp Skytterlag og av medlemmane sine, men er tydeleg på at føresetnadane for å få til dette arbeidet er ein sunn økonomi og gode støttespelarar. Av desse dreg han fram Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp som ein av dei viktigaste. Utan den økonomiske støtta som har blitt Klepp Skytterlag til gode opp gjennom åra er det mange prosjekt det ville vore vanskeleg å gjennomføre.

Sparebankstiftelsen Jæren - Klepp

Elfin Lea frå Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp var på plass denne fine sommarkvelden for å dele ut midlane for første utdelingsrunde for 2023. Han kunne fortelje at Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp har inntil 3 millionar å dele ut i støtte i år, og at litt under halvparten av dette skulle delast ut no i første utdelingsrunde.
I tillegg til desse to årlege utdelingsrundane har Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp og andre prosjekt som skal dekkast. Prosjekt Familie er eitt av desse. Her kan lag og foreiningar søke om støtte til å få dekka kostnader i samband med klubbaktiviteiter for medlemmar som ikkje har høve til å betale desse sjølv. Dette prosjektet er til for å jamne ut forskjellar og sørge for at alle ungar kan ta del i fritidstilbodet i kommunen uavhengig av foreldra sin økonomiske situasjon.

Denne kvelden på Klepp Skyttarhus var det ni heldige mottakarar som hadde møtt opp for å ta imot midlar til prosjekta sine. Det er mykje spennande på gong, og det er mange som kjem til å få glede av dette når dei ulike prosjekta er ferdige

Frøyland og Orstad kyrkje skal kjøpe inn ein stor, u-forma sofa, som er perfekt til bruk under ungdomsarrangement i kyrkja.
Gamle Engelsvoll Vellag skal bygge parkgrill.
Kaffebønnen skal handle inn utstyr til kafédrifta si, som servise, glas og diverse anna serveringsutstyr.
Klepp Kristelege Ungdomsforening fekk støtte til mediaproduksjonsutstyr.
Klepp Bedehus skal bygge sykkelstativ.
KNA Klepp Motorsport stilte med kveldens mest sjarmerande mottakar, og fekk støtte til utbetring av depotområdet på Reve.
Orre IL skal bygge kunstgrasbane og oppgradera anlegget.
Voll IL skal kjøpe høgtalarar og lydanlegg, og anna teknisk utstyr.
Og sist - men ikkje minst - vertane for kvelden, Klepp Skytterlag, fekk tildelt pengar til bruk på utskifting av noverande lysarmatur til meir energieffektive LED-lys.

Dette var ganske enkelt strålande gåver som alle trefte blink.

Elfin Lea oppmoda alle mottakarane om å skryte litt ekstra av prosjekta sine både i media og i sosiale media, både for å skape litt blest om Sparebankstiftelsen Jæren – Klepp, og å setje fokus på alt det gode, frivillige arbeidet som finn stad i kommunen.